BIO-info

Minneord – Glenn

Glenn A. Bristow gjekk bort 11. mars i Vietnam. Glenn var fødd i 1944 i Connecticut, USA, og hadde ein lang og spanande karriere før han gjekk inn i akademia. Har var i USA sin marine, arbeidde på fiskarbåt, og var bartender på Hawaii. Han fekk grada Master of Science i zoology i 1983, og kom til Noreg og Universitetet i Bergen rundt 1985. I 1991 forsvara han Dr scient grada si i parasittologi og vart Førsteamanuensis i 1992, der han alltid jobba tett saman med Professor (no: Emeritus) Bjørn Berland. Etter at Glenn pensjonerte seg var han ikkje den som nøla, og ivrig starta han å arbeide på University of Nha Trong, Vietnam. Her budde han, og arbeidde som ein høgt verdsatt undervisar før sjukdom ramma han i fjor.

Glenn sine viktigaste forskingsinteresser var systematikk og utvikling av parasittar, spesielt fiskeparasittar. Men, han følte seg fri til å utforska interesser i alle retningar, og var veldig interessert i vitskapsteori: i 1997 redigerte han ei bok saman med Roger Strand (Universitetet i Bergen): «Naturvitere filosoferer». Dei mange interesser han har hatt er ganske synlig på Facebook, med lenker til vener og samarbeidspartnar over heile verda.

Likevel, havet trakk han alltid tilbake. Han var i Bergen då det norske oppdrettseventyret starta opp, og han såg viktigheta av å vurdera verkinga av parasittar som alltid følger med intensivering i dyreproduksjon. I åra før og etter han pensjonerte seg, engasjerte Glenn seg mykje i internasjonalt arbeid og samarbeid, med forsking og undervisning ved universitet i Malaysia og Vietnam. Glenn såg parallellar i den nasjonale betydinga av havbruk i både Norge og Vietnam. Han la derfor ned mykje arbeid i å sikre at nokre av ideane som ligg til grunne for industrialisert bærekraftig havbruk kan bli overført frå Noreg til Vietnam. Han hjelpte òg til med å etablera ein sterk vitskapeleg samanheng mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Nha Trang, Vietnam, med utveksling av studentar og ansatte.

Han hadde mange interesser, og spesielt likte han musikk, mat, andre kulturar og havet. Han var umogleg å ignorera medan i live, og det beste av han vil leve vidare i lang tid. Han hadde to barn som han var veldig stolt av, som bur i Bergen, og våre tankar går til dei.

For kollegaer ved Institutt for biologi,

Henrik Glenner, Kjersti Sjøtun, Hans Tore Rapp, Karin Pittman, Egil Karlsbakk

Glenn

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *