BIO-info

Forskning – Veke 38

Nye retningslinjer for budsjettpost for open publisering ved UiB

Universitetsstyret har vedtatt nye retningslinjer for budsjettposten for støtte til open publisering som trer i kraft 1. Oktober 2016. Dei viktigaste endringane er:

Full støtte vert berre gjeve til artiklar i Open Access-tidsskrift og open publisering av bøker. Tidsskrift må vere registrert i Directory of Open Access Journals for å kvalifisere til full støtte.

Korresponderande forfattar til Open Access-artiklar i abonnementstidsskrift på nivå 2, kan søkje om refusjon av 50% av forfattarbetalinga (APC). Søknaden må sendast før publisering,  og refusjon vert utbetalt basert på dokumenterte utlegg til forfattarbetaling.

Open publisering av artiklar i abonnementstidsskrift på nivå 1 vert ikkje lenger støtta.

Søknadar vert innvilga basert på våre fullstendige retningslinjer.

Eit nytt søknadsskjema vert tilgjengeleg frå 1. oktober. Stønad kan berre garanterast når søknad er sendt inn og innvilga før publisering.

Styresaka kan lesast her. Om du har spørsmål, ver venleg å kontakte bora@uib.no

25. oktober arrangerer Universitetsbiblioteket eit seminar om open tilgang til forsking. Her vil det mellom anna vere ei orientering om dei nye retningslinjene.

 

Se utlysningskalenderen for nye utlysninger og forskjellige informasjonsseminarer, bl.a.:

25.09.16 Mediatrening for forskere – Bergen

27-28.09.16 Norgesuniversitetet Høstkonferansen 2016Trømsø

13-14.10.16 Horisont 2020 – Drift og økonomi i et EU-prosjekt – Lysaker

20-21.10.16 Centre for Digital Life Norway (DLN) meeting on «Technologies for Digital Life» – Bergen

25.10.16 Åpen tilgang til forsking nasjonalt og globalt – Bergen

15.11.16 Hvordan skrive en konkurranse-dyktig ERC Consolidator grant-søknad – Oslo

Horisont 2020 – Nytt kurstilbud i prosjektutvikling

25.10.16Trondheim

26.10.16 – Trondheim

14.12.16Lysaker

15.12.16Lysaker

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *